fredag 11. mai 2012

Runde 5 i sokkegalskapen

Vi var berre 6 stykker som gikk videre til neste runde, og eg greidde å kapre siste plassen.
Desse sokkane heiter Roosimine, og  navnet på denne teknikken heiter roositud. (trur eg)
Dobbelt garn i ein kontrastfarge blir vevd ut og inn mellom maskane etter kvart som vi strikker, det ser nesten ut som mønsteret er brodert på etterpå. Nok ein ny teknikk lært...
og garnet er ....Wollmeise igjen, pinnar 2,5.
To sunnmøringar iblant dei seks, den andre frå Ørsta.


fredag 4. mai 2012

Madness runde 4

Då er eg berga gjennom runde 4 av denne sprø galskapen...
Denne gongen heiter sokkane Mosaica, og teknikken er mosaikkstrikking.
Det er vanskeleg å få jamne maskar med denne teknikken, men hengde meg på denne runda også.


Som vanleg har eg brukt Wollmeise i fargane Maus Jung og Himbeere. Pinner nr. 3

lørdag 21. april 2012

Sockmadness fortsetter...

Då er par nr. 3 ferdig, henger med enda...
garn er igjen Wollmeise twin, pinnar 2,5.

søndag 1. april 2012

Påskedill

Hønene er dei same som frå eit tidlegare innlegg, påskeegget har Judith Eknes designa.
Påskeharen frå Arne&Carlos åt opp påskegodtet, og hoppa like godt opp i egget...

torsdag 29. mars 2012

Sockmadness par 2

Då er par nr.2, Frick n Frack ferdig. Desse sokkane vart strikka på to forskjellige måter, den eine tå opp, og den andre ribb ned. Synest det gjekk litt fortare når dei vart strikka ulikt.
Garnet er igjen Wollmeise fargen er Cassis. Pinnar 2.5.








- Posted using BlogPress from my iPhone

lørdag 17. mars 2012

Påske

Påska er rett rundt hjørnet, so då vart det ny duk og to høner, eller ei høne og ein hane?
Mønster frå AnnAka.

fredag 16. mars 2012

Babyteppet Quadrature for Korrigan

Ein ny verdensborgar er på veg inn i familia vår, då måtte det bli eit nytt babyteppe.
Quadrature for Korrigan synest eg er eit enkelt og elegant teppe.
Tjukt garn og pinnar gjorde at det gjekk fort å strikke. Pinnar nr. 5 og dobbel babyull frå
Gjestal. Brukte 400 gram.